Prosjektering betyr å teikne, beskrive eller berekne det som skal byggast. Prosjekteringa blir brukt som underlag når viktige val skal gjerast. Før arbeidet kan utførast, treng ein gjerne informasjon både om materialtype, dimensjonering og utføringsmetode før dei utførande går i gang.
Er du usikker på korleis du skal gå fram når du skal få utført eit tiltak? Vi kan møte deg på befaring der du er, for å avklare dine spørsmål. Vi kan gje deg råd og rettleiing for val av byggemetode og kven du kan kontakte for å få pristilbod. Vi kan også hjelpe deg med å avgjere om du må sende søknad eller ikkje.
Skal du bygge, treng du teikningar som vedlegg til søknad. Vi kjem på befaring og måler opp, tek foto og avklarer detaljar med deg. Når eit utkast er klart, set vi oss ned og går i gjennom før vi lager endelege anmeldingteikningar. T. Hedland AS kan være både ansvarleg søkjar og prosjekterande i eit tiltak. Du oppnår dermed ein hurtig og smidig prosess fram til byggeløyve.
Uavhengig kontroll av våtrom er aktuelt ved nybygg av bad, vaskerom, dusjrom og rom som har innlagt vatn og sluk. Ta kontakt så tidleg som mogleg i byggeprosessen, slik at vi får kontrollert både teikningar og produkt som er tenkt brukt.
Energirådgjeving er ei viktig teneste dersom du har planar om å få utført byggteknisk oppgradering av bygningen. Energimerking er nå krav som blir stilt ved kjøp/sal av bustadar. Enova gjer støtte til fleire tiltak som er relatert til energisparing. T. Hedland AS er sertifisert som energirådgjevar i ENOVA sin landsdekkjande database. Vi utarbeider ems-rapport (EnergiMerkeSystemet) som grunnlag, og hjelper deg med søknad om slik støtte. I ems-rapporten får du også energimerking.
Taksering er aktuelt dersom det oppstår skade, feil eller manglar ved bygning eller byggverk. Etter ei befaring får du ein rapport som beskriv årsak, skadeomfang og forslag til utbetring. Rapporten kan også innehalde kostnadar i samband med reparasjon av feil eller manglar.
Radon er den største årsaka til lungekreft nest etter røyking. Har du mistanke om at radon-nivået er over 200 bør du få gjort tiltak i huset. Vi kan hjelpe med måling av radon og finne fram til dei enklaste og beste tiltaka for å redusere nivået. Har du utleige av bustad, bør du få redusert radonnivået dersom måling viser meir enn 100.
Thermografi er eit supplement til trykktesting av bustaden og eit fint verktøy som ledd i tiltak for energisparing.
T. Hedland AS utfører last og styrkeberegning for stål og trekonstruksjonar. Det kan være takverk, søyler, bærebjelkar eller bjelkelag i golv.
Ta kontakt med oss for en prat om dine behov.
T. Hedland AS tilbyr konsulenthjelp for byggeprosjekt i tiltaksklasse 1 og 2. Du får hjelp gjennom heile byggeprosessen – i frå søknad til ferdigattest. I tillegg kan du få utført energimerking og hjelp til søknad om støtte frå Enova. Vi har og kompetanse på inneklima og radonkontroll.
Vi har åpent fra kl. 08:00 til 15:30.
Civil engineer/Daily manager
Oppdrag blir utført etter faktisk anvendt tid. For enkelte oppdrag kan det avtalast fast pris.
——————
Honorar pr time: kr 1 300 + 25% mva = kr 1 625
© Trond Hedland AS